Advokat Inge M. Evja AS har hovudkontor i Kviteseidbyen i Vest-Telemark.
Vi har også kontor i Treungen sentrum i Nissedal kommune.
Her finn du oss i 2. etasje i Treungen Teknologipark.

Kontoret i Kviteseid er opent kvardagar frå kl. 08.30-15.30.

I Treungen har vi kontordagar kvar onsdag og fredag frå kl. 08.30-15.30, og elles etter avtale.

Kva kan vi tilby

Vi kan tilby advokattenester innanfor dei fleste rettsområde, med særleg kompetanse innan:

  • Konkursrett
  • Arverett
  • Odelsrett
  • Rettsforhold knytt til fast eigedom
  • Jordskifterett
  • Barne- og familierett
  • Trygderett

Fast eigedom
Vi har mange oppdrag knytt til sal av fast eigedom i heile Vest-Telemark, både oppgjers- og salsoppdrag.
Vårt kontor i Kviteseidbyen ligg midt i Vest-Telemark, det gjev eit godt utgangspunkt for lokalkunnskap.

Sal av mjølkekvote
Vi kan tilby aktiv mekling, juridisk bistand og trygt oppgjer.

Kundar
Våre kundar er privatpersonar, privat næringsliv og offentleg sektor. I tillegg har vi oppdrag frå domstolane i form av konkursbu, dødsbu og tvangssal.

Våre tilsette

Les om våre tilsette her.