Vrådal -Triveleg og rimeleg familiehytte ved Vråvatn
Fritidseigedomen ligg landleg og fredeleg til, med nærleik til vatn og flott natur. Eigedomen er tilknytt Åsane hyttefelt, som er eit eldre felt ved Vråvatn. Hyttefeltet ligg på sørsida av Vråvatn langs Fv. 3392 mellom Vrådal og Vråliosen i Kviteseid kommune. Ved Vråvatn finn du fleire flotte badeplassar, små øyar og svaberg.
Kategori: Uncategorized
Gvammen – Sentrumsnær og innhaldsrik einebustad
Hjartdal er «kulturlandskapsbygda» med eit særmerkt og godt bevara kulturlandskap av nasjonal verdi. Både Tuddal og Hjartdal har sterke kulturtradisjonar knytt til folkemusikk og tradisjonshandverk. Den kjente felespelaren Knut Buen bur og verkar i Tuddal. Tekst henta frå heimesida til Hjartdal kommune. Vegforklaring Eigedomen ligg ved Hjartdalsvegen, rett ved matvarebutikken, ikkje så langt un…
Sentral einebustad med eldhus i Edland
Eigedomen ligg sentralt til i eit bustadfelt i Edland, i Vinje kommune. Einebustaden har ein underetasje, 1.etasje og eit kaldt-loft. I underetasjen er det eit vindfang, trapperom, kontor, vaskerom og to soverom, samt tre bodar. I 1. etasjen er det eit vindfang, gang, kjøkken, stove og bad/wc, samt ein bod.
Brunkeberg – Innhaldsrik einebustad med garasje og stor tomt
Eigedomen ligg fint til i eit roleg og etablert bustadfelt på Brunkeberg i Kviteseid kommune, med stor tomt hellande i sørleg retning. Eigedomen har fine sol- og utsiktsforhald, og grensar til skog på øvresida. Det er berre eit par kilometer til Brunkeberg oppvekstsenter langs gang- og sykkelveg, og det er kort gangavstand til ekspressbusstopp på E-134.
Tjønnefoss – Innhaldsrik einebustad med to garasjar
Eigedomen ligg fint til ved riksveg 41 på Tjønnefoss, om lag 500 meter frå Tjørullkroa og seks kilometer frå Treungen sentrum. Det er privat avkøyrsel frå riksvegen. Nærområdet kan by på idylliske turområde for eksempel ved innsjøen Tjørull og langs den nedlagte jernbanelina. Området passar godt til både fotturar og sykling.