Lauvstadvegen 13

Kviteseid – Lauvstadfeltet | Einebustad på stor og solrik utsiktstomt

Huset ligg i eit roleg og barnevenleg bustadfelt sentralt i Kviteseid. Det er flott utsikt sørover mot Sundkilen og vestover, og det er godt med sol på eigedomen. Det er kort veg til Kviteseid barne- og ungdomsskule, Kviteseid barnehage og Kviteseidhallen. Det er gode aktivitetstilbod i nærleiken, mellom anna i Kviteseidhallen.