Skip to content

Advokat Evja

Advokattenester og eigedomsmekling i Telemark
Menu
  • Om oss – kontaktinformasjon
    • Inge M. Evja
    • Kristine Sandall
  • Vilkår og prisar
  • Personvern
  • Fast eigedom – skjema

Advokat Inge M. Evja AS rettar seg etter norsk personvernlovgjevnad.

Her finn du informasjon om korleis vi hentar inn, lagrar og behandlar personopplysingar:

  • Personvernerklæring – advokattjenester
  • Personvernerklæring – eiendomsmegling-oppgjørsoppdrag

Kontakt

E-post: post@advokatevja.no
Tlf. 35 60 01 90

Postadresse: Pb. 37, 3836 Kviteseid

Besøksadresse Kviteseid:
Garverivegen 22, 3850 Kviteseid

Besøksadresse Treungen:
Treungvegen 393, 3855 Treungen

Org.nr. 918 444 386 MVA

Eigedom

Tørdal – Hyggeleg einebustad med stor og flat tomt – Fin utsikt og sentrumsnært

Eigedomen ligg skjerma, landleg og sentrum-snært i eit etablert bustadfelt i bygda Bø i Tørdal. Frå eigedomen er det gåavstand til mellom anna daglegvareforretning, skule, barnehage, kyrkje og frisør. Det er mange flotte turløyper i området, og frå bustaden ser ein rett på dei flotte fjella Rønomnibben og Elefantfjellet.

Åmli – Sentrumsnær og tiltalande einebustad med frittliggande garasje på solrik tomt i eit veletablera bustadfelt

I Åmli sentrum finn du mellom anna bank, butikkar, kafear, bakeri, apotek, frisørar, bibliotek og museum. Eigedomen er flott plassert med fleire tilbod i nærområdet. Det er få minutt gå-avstand til mellom anna Åmli sentrum, Åmli skule med 1. – 10. trinn, Åmlihallen med aktivitetar på kveldstid, kunstgrasbane, Beverborga barnehage og Klokkargarden barnehage.

Eldre einebustad med uthus og garasje – Stor tomt – Renoveringsobjekt

På eigedomen er det bustadhus, uthus og garasje. Bustaden er innhaldsrik, men har behov for oppgradering og renovering. Opprinneleg del av bustadhuset er ei gamal tømre som er flytta til eigedomen. Tomta er om lag 4,3 daa, og det er gode moglegheiter til å hogge ved til eige bruk.

Vrådal -Triveleg og rimeleg familiehytte ved Vråvatn

Fritidseigedomen ligg landleg og fredeleg til, med nærleik til vatn og flott natur. Eigedomen er tilknytt Åsane hyttefelt, som er eit eldre felt ved Vråvatn. Hyttefeltet ligg på sørsida av Vråvatn langs Fv. 3392 mellom Vrådal og Vråliosen i Kviteseid kommune. Ved Vråvatn finn du fleire flotte badeplassar, små øyar og svaberg.

Gvammen – Sentrumsnær og innhaldsrik einebustad

Hjartdal er «kulturlandskapsbygda» med eit særmerkt og godt bevara kulturlandskap av nasjonal verdi. Både Tuddal og Hjartdal har sterke kulturtradisjonar knytt til folkemusikk og tradisjonshandverk. Den kjente felespelaren Knut Buen bur og verkar i Tuddal. Tekst henta frå heimesida til Hjartdal kommune. Vegforklaring Eigedomen ligg ved Hjartdalsvegen, rett ved matvarebutikken, ikkje så langt un…

Tørdal – Innhaldsrik eigedom med to bustadhus, garasje, stor hage og skogstykke m.m. Ikkje buplikt.

Eigedomen ligg idyllisk til ved Tørdalselva i Vestre Dalen, Tørdal i Drangedal kommune. Buplassen blir kalla Teigane og ligg 12 kilometer frå Tørdal sentrum. I Tørdal sentrum finn du både daglegvare, frisør, kyrkje, barnehage og barneskule. Frå Teigane er det om lag 3 kilometer til næraste daglegvare og 20 kilometer til Vrådal sentrum der det er både hotell, daglegvarebutikk, frisør og sportsbu…

Sentral einebustad med eldhus i Edland

Eigedomen ligg sentralt til i eit bustadfelt i Edland, i Vinje kommune. Einebustaden har ein underetasje, 1.etasje og eit kaldt-loft. I underetasjen er det eit vindfang, trapperom, kontor, vaskerom og to soverom, samt tre bodar. I 1. etasjen er det eit vindfang, gang, kjøkken, stove og bad/wc, samt ein bod.

Brunkeberg – Innhaldsrik einebustad med garasje og stor tomt

Eigedomen ligg fint til i eit roleg og etablert bustadfelt på Brunkeberg i Kviteseid kommune, med stor tomt hellande i sørleg retning. Eigedomen har fine sol- og utsiktsforhald, og grensar til skog på øvresida. Det er berre eit par kilometer til Brunkeberg oppvekstsenter langs gang- og sykkelveg, og det er kort gangavstand til ekspressbusstopp på E-134.

Tjønnefoss – Innhaldsrik einebustad med to garasjar

Eigedomen ligg fint til ved riksveg 41 på Tjønnefoss, om lag 500 meter frå Tjørullkroa og seks kilometer frå Treungen sentrum. Det er privat avkøyrsel frå riksvegen. Nærområdet kan by på idylliske turområde for eksempel ved innsjøen Tjørull og langs den nedlagte jernbanelina. Området passar godt til både fotturar og sykling.

Built with Make. Your friendly small business site builder.
  • RSS