Ridas

Brunkeberg – Innhaldsrik einebustad med garasje og stor tomt

Eigedomen ligg fint til i eit roleg og etablert bustadfelt på Brunkeberg i Kviteseid kommune, med stor tomt hellande i sørleg retning. Eigedomen har fine sol- og utsiktsforhald, og grensar til skog på øvresida. Det er berre eit par kilometer til Brunkeberg oppvekstsenter langs gang- og sykkelveg, og det er kort gangavstand til ekspressbusstopp på E-134.