For dei fleste av oppdraga bereknast salæret ut frå tida som går med til arbeidet.

Salæret skal stå i rimeleg forhold til utført oppdrag og den tid som har gått med. 
Vi nyttar Advokatforeininga sine retningsliner  for berekning av salær. 
Retningslinene finn du her

Timeprisar

Salær for advokattenester blir berekna med utgangspunkt i ein timepris på kr 1 800 med tillegg av meirverdiavgift. Du får meir informasjon om timepris ved kontakt med vårt kontor.           

Fri rettshjelp

I nokre sakstypar kan du ha krav på fri rettshjelp. Du kan få meir informasjon om dette når du tek kontakt med oss. 
Du kan også få informasjon om fri rettshjelp ved å kontakte Statsforvaltaren. 
Her finn du meir informasjon

Oppgjersoppdrag

Salær i oppgjersoppdrag knytt til overdraging av bustad og fritidseigedom blir normalt berekna til ein fastpris på kr. 10.000,- eks. mva.

Sal av fast eigedom

For sal av fast eigedom blir det utarbeida eigne oppdragsavtaler. 
Salær kan bli berekna ut frå tida som går med til arbeidet etter ovannemnde timeprisar eller så kan salær avtalast til ein fastpris.    

Sal av mjølkekvote

Vi tilbyr aktiv mekling med avisannonsering, juridisk bistand og trygt oppgjer. Tenestene er gratis og uforpliktande for seljar.

I samråd med seljar blir det lagt opp til auksjon med sluttdato, avslutning utsetjast med 1 døgn for kvart bud som kjem inn. Auksjonen er ikkje bindande for seljar, som kan forkaste eller akseptere det bud han ønskjer. Vi hjelper til med utforming av alle nødvendige dokument, og sikrar oppgjeret gjennom vår klientkonto.  

Vårt salær betalast av kjøpar med 4 % av salssum eks. mva. Dersom seljar sjølv finn kjøparen, betaler kjøpar salær med 2 % av salssum eks. mva., men minimum kr. 20.000,- eks mva for utforming av alle nødvendige dokument og trygt oppgjer gjennom klientkonto.